Tradisjonell julebakst - O jul med din glede!

 


Berlinerkransar og lefser. Foto Anita Hjelme


Litt om oppgåva

Hensikta med oppgåva var å få erfaring med å lage ulike typar tradisjonsbakst knytt til julehøgtid og dokumentere og reflektere over arbeidsprosessen. Vi skulle bake to produkt, der eit av produkta skulle vere lefse eller flatbrød og det andre annan tradisjonsbakst. Eg har valt å bake lefser og berlinerkransar. Eg har lite erfaring med baking av disse kakeslaga frå tidelgare. Lefser har eg  vore med å baka to gonger før saman med andre og eg har aldri baka berlinerkransar.

 

Julebakst og tradisjonar før og no

I dag er baking til jul ofte noko vi gjer som ein hyggeleg aktivitet med familien, og det er knytt til tradisjonar og kos. Før i tida var baking viktig for å sikre matforsyninga som førebuing til vinteren og julehøgtida (Brunstad & Pettersen, 2007, s. 44). Sidan det var innhausting og slakting på hausten, førebudde ein seg til julematen allereie då, og sette til side den beste maten. Brunstad og Pettersen (2007, s. 44) skriv at julehøgtida skilde seg tydeleg frå kvardagen gjennom råvarene som blei brukte: «Til jul skulle maten vere den beste ein hadde å by på: den feitaste kjøtmaten, den beste fisken, det finaste bakverket, det beste ølet og den mest kostbare mjølkematen». Julekakene og dei finaste lefsene vart gjerne baka rett før jul (Brunstad & Pettersen, 2007, s. 56). Julebaksten var knytt til både matforsyning, ære og status. Det var viktig å ha nok bakst, og kvaliteten på kakene kunne vere eit uttrykk for kor dugande ein bonde eller husmor var (Brunstad & Pettersen, 2007, s. 61).

Julekaker

Utover 1800-talet vart støypejernskomfyren meir vanleg i norske heimar, og det vart lettare å få tak i ulike råvarer, som kveitemjøl, margarin og sukker (Høberg, 2026b). Julekaker er sterkt knytt til norske juletradisjonar, og tidlegare var det vanleg å bake «sju slag» kaker til jul. Det var ulike meiningar om kva som var dei rette kakene, men det kunne for eksempel vere peparkaker, smultringar, krumkaker, fattigmann, goro og berlinerkransar.

Dei tradisjonelle julekakene er ofte småkaker som er steikte i omn, i smult eller i spesielle steikejern (Høberg, 2026b). Dei har god haldbarheit fordi dei inneheld lite vatn og har høgt innhald av sukker og feitt. Dette gjer at kakene kan lagrast over lengre tid dersom dei blir oppbevarte på ein tørr og eigna måte.

Lefser

Noreg har lange og sterke lefsetradisjonar (Høberg, 2026a), og fleire av dei norske lefsetradisjonane har utvikla seg frå det grove flatbrødet til finare og mjukare bakverk. Lefser var særleg påkosta bakverk som vart brukt til fest og høgtid (Brunstad & Pettersen, 2007, s. 60). Lefser av finmalt mjøl, slik som vi er vande med no, blei truleg ikkje vanleg før kring 1850-åra. Søte lefser smurt med smør, sukker og kanel er også viktige for mange i jula i dag (Høberg, 2026b). Det finst mange ulike variantar av lefser, og både ingrediensane og framgangsmåtane varierer etter lokale tradisjonar og lefsetype. Snikalefse og kvardagslefse var dei vanlegaste lefsetypene på Sunnmøre fram til hardangerlefsa (hardingar) blei introdusert gjennom husmorskulane i 1920–1930-åra og tok over (Brunstad & Pettersen, 2007, s. 62). Kvardagslefsene kunne vere grove, mens snikalefser var finare lefser som fekk eit lag (ein snik) av råmjølk blanda med bygg- eller rugmjøl oppå lefsene under steikinga. Hardangerlefser er laga av kveitemjøl, kulturmjølk, sukker, smør, egg og hevemiddel og smørast med smør, sukker og kanel (N. M. Ytterli, personleg kommunikasjon, 4. februar 2023; sjå vedlegg 1). Den er no ein av dei vanlegaste lefsetypene på Sunnmøre (Brunstad & Pettersen, 2007, s. 62). Ifølgje Høberg (2026a) vart både lefser og flatbrød tradisjonelt steikte over open eld, først på ei steinhelle, seinare på ei jernplate, og i dag blir det vanlegvis brukt elektriske takker.

Konservering og oppbevaring

Ved konservering forlengjer ein haldbarheita til matvarer ved å hindre eller avgrense prosessar som fører til at maten blir øydelagd (von Kraemer, 2002, s. 111–112). Både lefsene og berlinerkransane blir varmebehandla ved steiking, noko som drep ein del mikroorganismar i og på maten (von Kraemer, 2002, s. 133). I tillegg vil varmen ved steikinga også føre til at vatn i maten fordampar og forsvinn. Før kjøleskap og frysarar vart vanlege, var tørking ein viktig metode for å konservere mat (Riddervold & Berg, 2004, s. 36–48). Når vatn blir fjerna frå maten, får mange mikroorganismar dårlegare vilkår for å vekse.

Ved å bake lefsene ut så tynne som mogeleg, steike dei tørre og oppbevare dei tørt blei det mogleg å lagre lefsene over lengre tid (Bjørnstad, 2021, s. 167–168).

Berlinerkransane er omnssteikte småkaker, som er svært haldbare fordi dei er tørre og inneheld rikeleg med sukker og feitt (Høberg, 2026b).

Av erfaring har fukt også mykje å seie for haldbarheita til bakverk ved oppbevaring. Tørre produkt kan ta opp fukt frå lufta, noko som kan påverke både konsistens og haldbarheit. Difor bør tørre lefser og småkaker oppbevarast tørt og i tett emballasje.

Mjuke og smurde lefser har andre lagringseigenskapar. Når lefsene blir fukta og smurde, aukar fuktinnhaldet, og dei kan bli meir utsette for mikrobiologisk vekst. I følgje Innli og Helmersen (1995, s.283 ) gir kjøling og frysing matvarer lengre brukstid, sjølv om disse metodane ikkje konserverer produktet. Om temperaturen er under +10̊C, vil det hindre bakteriane i å formeire seg like raskt (Riddervold, 1993, s.18). Mjuke og smurde lefser kan derfor ikkje utan vidare lagrast i romtemperatur over lengre tid og bør frysast for best haldbarheit.

 

Bakeprosessen

 


1. Lefser

Oppskrifta eg har brukt er tilpassa frå «Oppskrift på lefser (Hardinger)», som blei delt ut på lefsebakingskurs i regi av Valldal bygdekvinnelag (N. M. Ytterli, personleg kommunikasjon, 4. februar 2023; sjå vedlegg 1).


Lefser. Foto Anita Hjelme

Ingrediensar

Lefser (14-15 stk)

  •  ½ LITER KULTURMELK
  •  ½ PAKKE FERSK GJÆR
  • SS HORNSALT
  • 100 GRAM SUKKER
  • 100 GRAM SMELTA SOYA MARGARIN (1DL når det er smelta)
  • 1 EGG
  • CA. 750 GRAM KVEITEMJØL TIL DEIGEN 

Bakstemjøl

  • CA 250 GRAM KVEITEMJØL
  • EIN NEVE SEMULEGRYN

 

Slik gjer du

  1. Ha kulturmjølka i ein stor bolle.
  2. Slå i smelta margarin og smuldre gjæra oppi saman med hornsalt.
  3. Pisk egg og sukker godt. Og rør det inn i blandinga.
  4.   Ta så ca. 750 gram mjøl inn i blandinga, litt etter litt. Elt til du får ein god deig. Hald litt att på mjølet slik at deigen ikkje vert for fast.
  5. Resten av mjølet og semulegrynet blandast og brukast til å bake ut leivane med.
  6.  Lag bollar på ca. 100 gram store. Legg dei på eit underlag og legg over eit plagg til heving.
  7. Ta det emnet du laga først og kjevle leiven jamn. Start midt på leiven og kjevle utover. Pass på at du har mjøl under emnet slik at det ikkje set seg fast.
  8. Set takka på middels varme (ikkje ha takka altfor varm)
  9. Bruk spatelen (pinnen) til å få lefsa bort på takka.
  10.   Steik lefsa ferdig på begge sider, legg du den inni eit reint dynetrekk og legg litt press på.
  11. Når alle lefsene er steikt tek du kosten og kostar lefsene fri for mjøl.
  12. No kan du enten bløyte lefsene på begge sider og smøre dei, eller du kan pakke dei inn og legge press på dei til du vil bruke dei.

 

Smurning (til 10 lefser)

Ingrediensar

  • 100 gram meierismør
  •  100 gram soya margarin.
  • Ca. 150 gram sukker (her kan du prøve deg fram).
  •  1 toppa ts vaniljesukker

Slik gjer du

  1. Bland alt og rør det lyst og lett.
  2. Du kan også bruker ein skvett kremfløyte eller rømme oppi.
  3. Smør smurninga tynt og jamt utover eine sida av lefsa.
  4. Du kan ha på litt kanel på om du ikkje har søst. 
  5. Brett inn to motsette sider til midten av lefsa, brett inn endane litt og brett alt saman ein gong til midt på, på langs, slik at du får ei lang og fint bretta lefse.
  6. No kan du fryse lefsene heile i plast, eller dele dei opp og servere dei.


Bilete 1 av arbeidsprosessen ved lefsebaking. Foto Anita Hjelme




Bilete 2 bløyting, smøring og bretting av lefser. Foto Anita Hjelme


2. Berlinerkransar

Oppskrifta eg har brukt har eg funne på nettsida TINE (u.å.) og tilpassa eige bruk.


Berlinerkransar. Foto Anita Hjelme

Ingrediensar

  • 2 egg (storleik M)
  • 2 rå eggeplommer
  • 125 g sukker
  • 250 g TINE meierismør (romtemperert)
  • 300 g kveitemjøl

Pensling og dryss

  • 1 eggekvite
  • 1 dl perlesukker

Framgangsmåte

  1. Kok egga i 8–9 minutt slik at dei blir hardkokte. Ta ut eggeplommene og mos dei. Bland deretter inn dei rå eggeplommene. Tilset sukker og visp godt.
  2. Bland vekselvis inn romtemperert smør og mjøl. NB! Smøret må ikkje smeltast. Set deigen kjølig i eit par timar.
  3. Set steikeomnen på 180 °C. Finn fram eit steikebrett som du smør eller dekkjer med bakepapir.
  4. Trill deigen ut til tynne pølser, ca. 10 cm lange. Form dei til kransar med endane i kryss. Legg kransane på steikjebrettet.
  5. Pensle med samanpiska eggekvite og dryss over perlesukker.
  6. Steik kakene lysegule midt i omnen i ca. 10 minutt. Avkjøl på rist. Oppbevar kakene i ein tett boks.

Baking av berlinerkransar. Foto Anita Hjelme



Vurdering av eigen arbeidsprosess

Lefser

Eg starta med å blande alle ingrediensane til deigen, slik det står i oppskrifta. Når deigen var ferdig oppdaga eg at eg hadde gløymt å blande inn eggedosisen, som stod att på benken. Eg brukte kjøkkenmaskin og elta den godt inn i deigen. Eg veit ikkje om dette har hatt noko å seie på resultatet, men det verka som om det fungerte bra og deigen vart god. Eg vog opp kvart emne i følgje oppskrifta, slik at alle blei 100g, og fekk eg 14 emne. Eg la dei på eit reint steikebrett og hadde plastfilm over så dei ikkje skulle tørke ut. Når dei hadde heva litt og steiketakka var varm bakte eg ut ein og ein leiv og steikte dei. Eg avkjølte og kosta kvar lefse før eg bløytte dei og la dei mellom to fuktige kleder, slik vi gjorde med lefsene vi laga på samlinga. Men eg trur kanskje at eg bløytte dei for mykje, eller lot dei liggje for lenge, for når eg skulle smøre lefsene var dei så våte at dei nesten gikk i oppløysing. Eg redda dei med å legge dei forsiktig utover til tørking før eg smurte dei, og det hjalp heldigvis litt. Det var nok ei feilvurdering å bløyte dei mens eg bakte ut og steikte dei andre lefsene, for det tok mykje lenger tid enn eg trudde og lefsene blei liggande litt lenge til bløyt. Ein annan ting var at eg ikkje hadde  sprayflaske til bløytinga, så eg måtte bruke ein matpensel til å pensle på vatn. Det er mogeleg at eg då brukte for mykje vatn og at det også kan ver ei årsak til at lefsene blei så våte. Lefsene revna litt under smøring, men når eg bretta dei blei dei ganske fine. Dei vart heldigvis også veldig gode på smak. Det var vanskelig å sjonglere alle oppgåvene under bakinga åleine, så om eg skulle bake lefser åleine igjen ville eg ha venta med å smøre dei til dagen etter for å ha betre kontroll. 

Sidan lefsene er bløytte og smurde må eg oppbevare dei i frysar fram til dei skal etast. Om eg oppbevarer dei i romtemperatur vil vassinnhaldet  mest sannsynleg gjere at det snart vil vekse mikroorganismar i dei og gjere dei dårlege. Om eg skulle brukt tradisjonelle metodar for å auke haldbarheite kunne eg ha oppbevart dei tørre og innpakka. Så kunne eg bløytt dei og smurt dei rett før dei skulle etast. Dette er ikkje praktisk mogeleg i min heim akurat no, difor vel eg å smøre dei no og fryse dei fram til innleveringa av produktkassa mi.

 

Berlinerkransar

Sidan smøret og margarinen skulle vere romtemperert/mjukt tok eg det ut ein times tid før eg starta. Eg fylde oppskrifta nøye og blanda saman ingrediensane slik det står i den. Etterpå skulle deigen stå kjølig i eit par timar før eg kunne forme og steikje kakene. Då eg skulle forme berlinerkransane ville eg lage dei nokolunde like store, slik at dei skulle få jamn steiking. I oppskrifta står det at deigen gir om lag 60 små berlinerkransar. Eg synest dette var litt mange og var redd for at dei ville bli veldig små, så eg  delte deigen inn i 45 emner i staden. Eg brukte vekt til å vege heile deigen og til å vege opp alle emna til om lag same vekt (rundt 15 g) . Deigen var god å jobbe med, sidan den inneheld ein del smør blei den mjuk og smidig. Eg rulla alle emna ut til ei tynn pølse i same lengde og forma dei til kransar før eg la dei på steikebrettet.  Eg pensla dei med egg og strødde over sukker. Berlinerkransane eg har sett er ganske lyse, mot svakt gylne og  eg måtte følgje godt med på kakene i omnen, slik at dei ikkje blei for mørke.

Eg er fornøgd med arbeidsprosessen med berlinerkransane. Eg fylde oppskrifta og det oppstod ingen spesielle problem. Dei er veldig lyse, så det kan vere litt vanskeleg å vite når dei er ferdigsteikte. Eg oppbevarer berlinerkransane i ein kakeboks av metall, som er ganske tett, så eg trur dei vil halde seg fine og sprø fram til jul - om vi ikkje et dei opp først!

 

 

Vurdering av produkta

Første vurdering

Lefsene: 

Lefsene er mjuke og lyse på farge, med små brune spetter i overflata. Dei luktar og smakar litt av vanilje og kanel. Dei smakar søtt og godt, og sukkeret knasar litt når ein tygg. Ein kjenner smaken og konsistensen av smøret, men den milde smaken av soyamargarinen dempar også smørsmaken litt.

Berlinerkransane: 

Kakene er gylne og svakt gule, med små sprekker i overflata. Dei er dekte med perlesukker og er sprø utanpå og mjuke og litt smuldrete inni. Perlesukkeret knasar når ein tygg dei. Smaken er mild og god, og ein kjenner godt smaken av smør.

 

 

Kjelder

Bjørnstad, Å. (2021). Kornboka: Brødets og ølets historie. Dreyers forlag.

Brunstad, S., & Pettersen, J. R. (2007). Den gamle sunnmørsjula. Vind.

Høberg, E. N. (2026a, 13. april). Lefse. Store norske leksikon. Henta 21. november 2026 frå snl.no

Høberg, E. N. (2026b, 3. august). Julekaker. Store norske leksikon. Henta 22. november 2026 frå snl.no

Innli, K. E., & Helmersen, H. (1995). Produksjons- og konserveringslærer: Hotell- og næringsmiddelfag. Yrkeslitteratur.

Riddervold, A. (1993). Konservering av mat: Tørking, røyking, salting, gjæring, sukkersylting. Teknologisk Forlag.

Riddervold, A., & Berg, P. (2004). Spekemat (2. rev. utg.). Damm.

TINE. (u.å.). Berlinerkranser. Henta 19. november 2026 frå tine.no

von Kraemer, M. (2002). Mikrobiologi for teknisk fagskole: Linje for næringsmiddelteknikk (Fellesspråklig utg.). Yrkeslitteratur.

 

 

 

Vedlegg 1
Oppskrift på lefser (Hardinger)





Kommentarer

Populære innlegg